Søk i denne bloggen

Om meg

I mitt rette element:
Bokbord på bloggtreff :-)
Foto: RMC
06.01.21

My first, my last, my everything! er skrevet av Elida Stangeland. Bloggen vart starta då eg ikkje skulle vera dårlegare enn mi lillesøster, men det er eg som er mest aktiv på bloggefronten idag. I utgangspunktet var det ein blogg om det å vera serieavhengig, helst med TV-serier.

Hausten 2009 hadde eg litt for mykje fritid og gjenoppdaga gleden med boklesing. Blogga litt sporadisk om bøker eg las, før eg skreiv min første "ordentlege" bokanmeldelse januar 2010. Eg skriver helst om bøker eg sjølv liker, men logger alle bøkene eg les på Goodreads.

Eg les helst bøker som blir rekna som klassikere, og har min egen lesesirkel. Lesesirkelen vel ut og les bøker frå 1001 Books You Must Read Before You Die, og eg les ein del frå lista utanom sirkelen. Gjennom bloggen har eg blitt kjent med fleire andre bokbloggere, og dei har bidratt til å utvide bokhorisonten min.

Som sagt les eg ein del klassikere, og du vil helst finne amerikanske, britiske og nordiske forfattere på bloggen. Til tider kan eg lese ein del krim og biografier. Eg er ein kronologisk leser, og kan fint finne på å lese eit heilt forfatterskap før eg kjem til den boka eg aller helst vil lese.

Som ansatt i barnehage gjer eg mitt beste for at barn skal bli glad i bøker, og glad i å bli lest for. Eg er den første til å spørje om me skal lese bok, og det går sjeldan ein dag utan bøker på avdelinga.

Er det noko du liker på bloggen som du vil andre skal lese, kopier gjerne, men vær vennlig og legg igjen beskjed. Det er ikkje pent å stjele! Noko du lurer på, men ikkje vil dele med alle, send gjerne ein mail til: elidasta@gmail.com

I tillegg til bloggen må du gjerne fylgje meg på Goodreads og Instagram.

XOXO