Forfatter: Jules Verne
Originaltittel: Le Tour du Monde en quatre-vingts jours
Utgitt: 1873
Denne utgåva: 2010
Oversetter: Hans Braarvig
Format: Lydbok, lest av Arild Bøe, 3t58min
Forlag: Cappelen Damm
Ei av to romaner som franskmannen Jules Verne har fått på 1001-lista, og det var ein morsom roman. Jules Verne har i Jorden rundt på 80 dager skrevet om Phileas Fogg som inngår eit veddemål med sine kamerater ein litt fordrukken aften. Veddemålet er på £ 20.000, og Fogg har ikkje penger til å tape. Saman med tjeneren sin, franskmannen Jean Passepartout, reiser han jorda rundt med tog, dampskip, seilbåt, slede og til og med elefant, og må kjempe mot stormer, kidnappinger, ødeleggelser og indianerangrep.
Den same reisen foretar inspektør Fix ved Scotland Yard då han er overbevist om at Fogg har rana the Bank of England for å finansiere reisen. I løpet av reisen møter Phileas Fogg og Jean Passepartout frøken Aouda, og tilbyr seg å eskortere ho til ein slektning. Det er ingen enkel reise dei har lagt ut på, og då dei ankommer England etter fullendt reise er Fogg skråsikker på at han har tapt veddemålet. Ein hendelse ein sein ettermiddag snur imidlertid opp ned på alt, og reisen får ein lukkeleg slutt. Jules Verne stiller sjølv spørsmålet om det var ein tåpelig reise, og på mange måter var det jo det. Samtidig er ingen reiser tåpelige når det ender så bra som det gjorde.
Min første Jules Verne-roman, og eg skal hvertfall få med meg den andre på 1001-lista, Reisen til jordens indre. Hans mest kjente for meg, Tsarens kurer, er ikkje på lista, men eg har ei mor og ei søster som er glad i den så den må nok og leses. Jorden rundt på 80 dager var som sagt morsom, men den var og finurlig og spennande, og krever ikkje så mange lese/høyretimane. Anbefales!
XOXO
My first, my last, my everything!
Om bøker og lesaropplevingar
tirsdag 18. juni 2013
lørdag 15. juni 2013
Lesesirkelbok: "Johnny Cash - Livet, kjærligheten og troen til en legende"
Forfatter: Steve Turner, Kris Kristofferson (forord)
Originaltittel: The Man Called Cash
Utgitt: 2004
Denne utgåva: 2005
Oversetter: Oddvar Nilsen
Format: Hardback
Forlag: Hermon
Då Steve Turner byrja arbeidet med den autoriserte biografien var det meininga at Johnny Cash skulle vera delaktig. Dessverre gjekk det ikkje slik, for Cash sovna stille inn 12. september 2003. Omtrent fire månader tidlegare hadde Cashs lys i livet, June Carter Cash, sovna inn, og det kom som eit sjokk. Johnny Cash var til tider kjent for å misbruke kroppen på det verste, og det var liten tvil om at han kom til å gå bort først. Då June døydde gjekk Cash i studio, det var hans måte å overleve på. Han var ikkje frisk, faktum er at han hadde blitt skrekkelig gammal etterkvart, og gjekk altså bort sjølv kort tid etter.
Johnny Cash vart fødd inn i ein familie med etterkvart 7 barn. Barndommen var prega av lite pengar, og familiens kamp i depresjonstida vart inspirasjon til mange låter. Ei hending som for alltid prega Cash var då broren døydde etter ein kamp med ei sag i 1944. Jack var femten år, og døydde så altfor tidleg. Det var meininga at arbeidet med boka skulle byrje i oktober 2003, og etter Cashs død fekk Turner likevel moglegheita til å skrive boka ved hjelp av familien og vener av Cash. Sonen, John Carter Cash, har vore meget delaktig i arbeidet med boka.
Då Cash byrja karriera si etter militæret låg det an til ei musikalsk revolusjon.
Johnny Cash hadde mange comeback, og mange tilbakeslag. For ein tidlegare alkoholiker og pillemisbruker er det mange freistingar, men i løpet av Johnny og Junes ekteskap støtta ho han til det siste. I gravferda hennar sa Rosanne Cash, "if being a wife were a corporation, June would have been a CEO. It was her most treasured role." (Wikipedia)
Då Ingalill annonserte at ho ville starte opp med ein biografilesesirkel fekk ho overveldande respons. Det var tydeleg at biografi er noko mange les i all stillhet, og det er ikkje mange gonger eg har sett biografi omtalt på bokblogger. Boka om Johnny Cash er ein av mange biografier om denne mannen, men eg er ikkje fornøgd med den. Den er for langtekkeleg for meg, og passer nok best for dei som har litt meir peiling om amerikansk musikk enn meg. Det var for mange eg ikkje visste kven var, og for mykje unyttig informasjon (for meg). Eg er glad for at eg har lest boka, men den blir ikkje gjenlest. Mitt forhold til legenda Johnny Cash er basert på filmen frå 2005, og den er verdt å sjå.

Cash fløy tilbake til Amerika fra Tyskland og dro til Camp Kilmer, New Jersey, der han ble dimittert 3. juli 1954. Det var samme dag som en gitarist i Memphis, Scotty Moore, ringte til en talentfull ung sanger, Elvis Aaron Presley, og inviterte ham til å synge for Sam Philips ved Sun Records. (s. 55)Ein månad seinare gifta Johnny Cash seg med Vivian Liberto, som han hadde truffet tre år seinare. Dei fekk fire døtre saman: Rosanne (1955-), Kathy (1956-), Cindy (1959-) og Tara (1961-). Ekteskapet var ikkje av det mest vellukka. Johnny Cash hadde heilt sidan barndommen vore fascinert av musikken til Carter Family, og denne fascinasjonen samt all reisinga og affærene til Cash førte til skilsmisse i 1966. 13 år etter deira første møte fridde Johnny Cash til June Carter på scenen under ein konsert i London, Ontario. Han hadde fridd fleire gonger tidlegare, men June hadde alltid takka nei. Denne kvelden sa ho ja. 1. mars 1968 gifta dei seg. Dette var Junes tredje ekteskap, og med seg i ekteskapet tok ho med seg døtrene, Rebecca Carlene Smith (betre kjent som Carlene Carter, 1955-) og Rosie Nix Adams (1958-2003). I 1970 fekk Johnny og June sonen, John Carter Cash.
Johnny Cash hadde mange comeback, og mange tilbakeslag. For ein tidlegare alkoholiker og pillemisbruker er det mange freistingar, men i løpet av Johnny og Junes ekteskap støtta ho han til det siste. I gravferda hennar sa Rosanne Cash, "if being a wife were a corporation, June would have been a CEO. It was her most treasured role." (Wikipedia)
Då Ingalill annonserte at ho ville starte opp med ein biografilesesirkel fekk ho overveldande respons. Det var tydeleg at biografi er noko mange les i all stillhet, og det er ikkje mange gonger eg har sett biografi omtalt på bokblogger. Boka om Johnny Cash er ein av mange biografier om denne mannen, men eg er ikkje fornøgd med den. Den er for langtekkeleg for meg, og passer nok best for dei som har litt meir peiling om amerikansk musikk enn meg. Det var for mange eg ikkje visste kven var, og for mykje unyttig informasjon (for meg). Eg er glad for at eg har lest boka, men den blir ikkje gjenlest. Mitt forhold til legenda Johnny Cash er basert på filmen frå 2005, og den er verdt å sjå.
XOXO
| Reaksjoner: |
torsdag 13. juni 2013
Månadens Riverton: "Flytande bjørn"
Forfatter: Frode GryttenUtgitt: 2005
Denne utgåva: 2007
Format: Lydbok, lest av Anderz Eide, 7t37min
Forlag: Fono
Frode Grytten er ein ny forfattar for meg, men han er ikkje ukjent i det ganske land. Han har blant anna mottatt Brageprisen, Samlagsprisen og Nynorsk litteraturpris, i tillegg til Rivertonprisen. Hans mest kjende bok, Bikubesong, er oversatt til fleire språk, og det er eit teaterstykke som er basert på boka.
Flytande bjørn vart vald som Rivertonbok i juni simpelthen fordi eg måtte ha ei som var forholdsvis kort, og ikkje ein del av ein serie der eg måtte lese eit par bøker først. Biblioteket hadde den ikkje inne i papirformat, men for meg fungerer krim ofte best i lydformat. Eg hadde ikkje så mange forventningar, og det er nok det greieste i denne samanheng. Boka er forholdsvis kort, og som du kanskje har fått med deg tar det ikkje for lang tid å høyre gjennom.
Romanen handler om journalisten Robert. Han har ein bror som er i politiet, og begge blir involvert i ein kriminalsak. Robert har dessuten i lengre tid hatt eit forhold til sin brors hustru, med medfølgande komplikasjoner. Handlinga er lagt til Odda i Hardanger, og Grytten vektlegger i ein del av romanen problemer som eit lite sted kan ha. Utflytting, utflagging, rasisme og diverse. Det er ein dyster og mørk roman som er bada i sommarvarme og sol. Forventningane mine vart verken heva eller senka; det er ein roman eg ikkje kjem til å ta opp igjen og eg er redd den blir fort gløymd. Journalisten Robert er ein grei kar, men eg kjem aldri skikkeleg inn på han, og det same med resten av persongalleriet. Som i Åsa Larssons bøker blir det heile litt for rett fram, og mitt konservative jeg er ikkje begeistra. Eg har fått med meg at Frode Grytten har ein stor fanskare, men foreløpig er eg ikkje av dei. Forøvrig er eg interessert i å vite kven som stod på nominasjonslista utanom Grytten i 2005 for Rivertonprisen, er det nokon som kan hjelpe med det? Er dei i mine auge betre eller verre enn Flytande bjørn? Over og ut!
XOXO
| Reaksjoner: |
tirsdag 11. juni 2013
onsdag 5. juni 2013
Bok: "Et offer til Molok"
Forfatter: Åsa Larsson
Originaltittel: Till offer åt Molok
Utgitt: 2012
Denne utgåva: 2013
Format: Lydbok, lest av Nina Woxholtt, 10t12min
Forlag: Lydbokforlaget
Min første innskytelse etter at boka er ferdighøyrt er at denne dama er ikkje riktig vel bevart. Åsa Larsson har ein fanatisk livleg fantasi, og med min til tider meget konservative hjerne blir det for mykje. Den liberale delen av meg derimot krangler med den konservative, og jubler over korleis Åsa Larsson er den einaste krimforfatteren som setter meg til de grader på pinebenken. Eg er av dei ytterst få som kan både høyre ei bok, og lese ei anna på same tid, men igår kveld satt eg bare og lytta. Ingenting anna! Idag satt eg med augene igjen, og bare venta på at slutten skulle koma fordi det er så ulideleg spanande. Den kom sjølvsagt, den velsigna slutten, og svaret på alle mine romantiske draumer kom og.
Et offer til Molok er Åsa Larssons femte kriminalroman om statsadvokaten Rebecka Martinsson. Eg har til tider vore lunken til romanane, men i denne setter Rebecka tydeleg skapet på plass, og eg digger det! Romanen fokuserer på to spesifikke hendingar; drapet på Solbritt i vår nåtid, og drapet på Elina rundt første verdskrig. Rebecka blir hevet på hodet ut av etterforskninga av Solbritts drap, men sta Rebecka forsker på Solbritts bakgrunn. Det viser seg at svært mange av hennar slektningar er blitt brutalt tatt av dage, og den einaste som er igjen er barnebarnet Marcus på sju år.
Forskinga til Rebecka leder ho mot ein tidlegare disponent i Kiruna, Hjalmar Lundbohm. Han er ein slektning av Solbritt, og med det høyrer eit aksjebrev verdt mykje penger. Det er skremmande å vera vitne til kor brutal eit menneske er villig til å vera for å få kloa i penger. Slutten er intens, men Rebecka er ikkje villig til å forlate dei ho er glad i. Det skal lille Marcus vera glad for.
Ulideleg spanande er sagt, men det må og seias at denne dama legger ikkje to fingre i mellom når ho skriver. Du får det rått og brutalt, og viss ikkje Nina Woxholtt rynker ørlite på nasen når ho les så er ho sterkare enn meg. Eg har eit ønske om ein dag å lese inn lydbøker, men Åsa Larsson blir hakket for mykje for meg. Nina Woxholtt har nå lest si andre Larsson-roman for meg, og ho gjer ein utmerka jobb. Ho veit akkurat korleis ho skal ha stemmeleiet, og det er som å sitta ved siden av ho. Anbefales på det varmeste!

søndag 2. juni 2013
Smakebit på ein søndag - nr. 50
Flukten frå virkeligheten publiserer kvar søndag ein smakebit frå ei bok ho les, og inviterer andre bloggere til å bli med. Skriv eit innlegg om din smakebit, og link innlegget ditt til Maris innlegg.
XOXO
But it was the doors that annoyed her; every door was left open. She listened. The drawing-room door was open; the hall door was open; it sounded as if the bedroom doors were open; and certainly the window on the landing was open, for that she had opened herself. That window should be open, and doors shut - simple as it was, could none of them remember it?Frå Virginia Woolfs To the Lighthouse.
XOXO
| Reaksjoner: |
fredag 31. mai 2013
Maistatistikk
Mai har gått i normal fart, og eg har fått lest ein heil del. Den siste veka er det kun Virginia Woolf som har fungert som lesing, då motivasjonen har vore på gyngande grunn. Det må jo vera positivt at eg allereie har byrja på juni-boka i lesesirkelen sidan eg ikkje har fullført mai-boka.
Bøkene eg har vore borti
- E.M. Forster: A Room with a View (ferdiglest)
- Torkil Damhaug: Ildmannen (ferdiglest)
- Kate Morton: Hemmeligheter (ferdiglest)
- Lucinda Riley: Lavendelhagen (ferdiglest)
- Steve Turner: Johnny Cash - Livet, kjærligheten og troen til en legende (ferdiglest)
- August Strindberg: The Red Room (påbegynt)
- Agatha Christie: Den åpne graven (påbegynt)
- Virginia Woolf: To the Lighthouse (påbegynt)
Eg trur på variasjon, og når eg ser lista for mai er det tydeleg at mi tru slår gjennom. Strindberg-boka kjem eg til å låne på biblioteket i norsk versjon då den engelske på Kindle'n ikkje gjer meg noko.
Ein shopoholikers bekjennelser
Shoppingfesten starta ein torsdag ettermiddag på Norli Kvadrat, og eg vart sleppt inn uten anstand, og med bøker på halv pris. Lørdag vandra eg inn på Norli M44, og kom ut med eit par då og.
- Margaret Atwood: The Handmaid's Tale (Vintage)
- Alan Hollinghurst: Den skjønne linje (Cappelen Damm)
- Alan Hollinghurst: Den fremmedes barn (Cappelen Damm)
- Elizabeth Noble: Lesesirkelen (Schibsted)
- Jean Rhys: Wide Sargasso Sea (Penguin Essentials)
- Sigrid Undset: Kristin Lavransdatter (Penguin Classics Deluxe Edition)
- Tim Winton: Dirt Music (Picador 40)
7 bøker på 3 dager, og det heile skjedde sist veke. Eg hadde verdas beste trackrecord, også skeia det heilt ut. Ein månad utan nye bokkjøp ser ut til å vera langt fram i tid. Eg er forøvrig meget fornøgd med kjøpet av Kristin Lavransdatter, nå må eg bare lese den.
Status lesemål
I mai har eg lest ei 1001-bok, ein Riverton-vinnar og tre off the shelf-bøker.
Ønsker for juni
Eg leser meg vidare i bokhyllene, men når Jo Nesbø-boka dukker opp hiver eg alt anna!

Abonner på:
Innlegg (Atom)